Røter og føter – Harald Grønnevik – Bergen kirkeautunnale 2020

Arrangementsinformasjon

Harald Grønnevik leser fra sin bok Heimbygd – Eit knippe forteljingar med røter i barndomslandet. Med Kristin Bergsvik (sang) og Eirik Breivik Minde (piano).

«Ka e heimbygd?» Forfattar Harald Grønnevik fekk spørsmålet av son sin ein dag. Ein presteson har gjerne flytta ofte. Med eit knippe forteljingar som har røter i bygda der han vaks opp, teiknar forfattaren eit bilete av ei typisk norsk bygd. Ein lun, humoristisk og sjølvreflekterande penn gjev liv til forteljingane frå hans eigen oppvekst.

Forfattaren sine personlege tankar og bygda sin kollektive identitet blir skildra i ei god og salig blanding. I Noreg har dei fleste eit og anna bygdeminne. Saman med Håvard Giezendanner sine humørfylde og varme teikningar er Heimbygd ei artig, lun og vakker bok.

Kristin Bergsvik Skilbrei er freelance kordirigent og soul/blues-vokalist med erfaring frå fleire arenaer. Eirik Breivik Minde er barne og ungdomskantor i Bergen domkirke menighet og har vore musikalsk involvert i «Heimbygd» sidan starten. Harald Grønnevik har tidligare vore sjømannsprest i Liverpool og sokneprest i Sund, no pensjonist, hobbybonde og forfattar.


føterogrøter
heimbygd
kristinbergsvikskilbrei
opplesning
jazz
eirikbreivikminde
autunnalen
kirkeautunnale
bedehus