Sommarkonsert med Bergen Domkor i Strandvik kyrkje

page view image
Arrangementsdato

søndag 15 jun 2025 17:00

Slutter søndag 15 jun 2025 18:30
BESTILL

Tilgjengelige varer

Ordinær
Honnør
Student
Under 23 år
event image

Arrangementsinformasjon

Bergen Domkor held sommarkonsert med vakker musikk for acapella kor. Frå den store rennessansekomponisten Palestrina, fødd for 500 år sidan, via vår eigen Edvard Grieg, til nyare musikk av skotske James MacMillan.


Bergen Domkor blei etablert i 2009 av domkantor Kjetil Almenning. Det er i dag eit av landets leiande amatørkor og eit kyrkjemusikalsk kraftsenter på Vestlandet. I tillegg til deltaking på gudstenester, har koret høgt aktivitetsnivå med hyppige konsertar og årlege turnear. Det medverkar jamleg under Festspela i Bergen og samarbeider med mellom andre Bergen Barokk, Bergen Filharmoniske Orkester, Sjøforsvarets musikkorps og Oslo domkor. Bergen Domkor forvaltar ein rik kyrkjemusikalsk arv som det arbeider for å formidle med kvalitet og liv. Samstundes har koret fokus på framføring av nyare verk og musikk av nolevande komponistar. Domkoret legg vekt på å skape interessante konsertprogram og presentere spanande repertoar. Repertoarlista spenner frå renessansemusikk til bestillingsverk av unge norske komponistar.


Bergen Domkor

Kjetil Almenning, dirigent


Tags

bergendomkor
strandvik
sommerkonsert
fusa
Organizer
Bergen domkirke menighet