Bergen Domkor - Førjulskonsert i Myking kyrkje

page view image
Arrangementsdato

lørdag 13 des 2025 18:00

Slutter lørdag 13 des 2025 19:00
BESTILL

Tilgjengelige varer

Ordinær
Honnør
Student
Under 21 år
event image

Arrangementsinformasjon

Hausten 2025 reiser Bergen Domkor på tur til London og lærer meir om britisk kormusikk. Kva er då meir naturleg enn eit britisk tema for årets julerepertoar? 

Laurdag 13. desember syng Domkoret førjulskonsert i Myking kyrkje, og har altså med seg britisk julemusikk. Benjamin Brittens A Ceremony of Carols (1942) står i sentrum av programmet, eit verk som er kjent og kjær julestemning for mange, ikkje minst for damerekka i Domkoret. Dei får tonefølgje av Marija Kadovic på harpe. Damer får stå i sentrum i resten av konserten òg, men då meir indirekte: Utanom Britten er det utelukkande kvinner som har skrive og arrangert musikken som vert framført denne Luciadagen, i hovudsak nolevande britiske komponistar. 

Jesusbarnet har sin naturlege plass i desse songane, men også blømande metaforar i vinterkulda, som i «There is no rose» og «Jesus Christ the Apple Tree». Stilla i vinteren får lyde gjennom songar som «In the stillness» og «The Quiet Heart», men kyrkjemusikken vert også hylla også gjennom Brittens «Hymn to St. Cecilia» – kyrkjemusikken sin helgen. Og sjølv om herrestemmene i Domkoret syng om at vi er «In Winter’s House», og mørket sjølv på Luciadagen kan kjennest omsluttande, minnest vi om at Jesusbarnet er på veg og at «The darkness is no darkness»

Bergen Domkor ønskjer velkomen til ein førjulskonsert med kjente og mindre kjente perler frå den britiske julemusikken!

Bergen Domkor
Marija Kadovic, harpe
Kjetil Almenning, dirigent

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.

Tags

bergendomkor
myking
jul
konsert
kor
bergen
Organizer
Bergen domkirke menighet