Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Albumet «Alt vi har kjært» (2021) er Ine Hoem sine melodiar, nyskrivne tekstar av Edvard Hoem, og salmar som «Den Fattige Gud» med melodi av Henning Sommerro og «No stig vår song» av Håkon Berge. Hausten 2021 var Ine Hoem og Edvard Hoem på sin første turné saman i forbindelse med utgjevinga. Det musikalske samarbeidet mellom far og dotter Hoem, tok til for meir enn femten år sidan, men vart fyrst offentleg kjend med den vakre gjendiktninga og versjonen av «Å, signa natt», hausten 2020, som blant anna vart framført på NRK Lindmo i desember 2020.
«Det kanskje viktigste kompliment jeg kan gi far og datter Hoem her, er likevel at de visker ut grenser mellom kjønn og menneskelig alder og bakgrunn, mellom før og nå, mellom lyrikk og musikk». Olav Solvang, Vårt Land
«Alt vi har kjært er skriven i ei tid med uro og uvisse. Det slo meg at ein ikkje burde skrive om dét, men i staden om dei store og små samanhengar som rammar inn menneskelivet, og som er der, same kor kaotisk og usikker tida ser ut til å vera. Vi står mellom framtidshåp og fortida med sine minne, vi lever i årstidene og døgn-tidene, i kvardagen og i kosmos. Og alt dette skal inn i nokre få verselinjer, som også skal uttrykke livsfryd og glede over alt det fantastiske som livet trass at har å by på» seier Edvard Hoem. I samarbeid med produsent Markus Lillehaug Johnsen og nokre fantastiske improviserande musikarar, har Ine skapt et unikt univers i møte mellom visepop, jazz og salmar, og Edvard sine tekstar.
Er du under 23 år er det gratis inngang på alle Autunnalens konserter, med forbehold at det er ledig kapasitet. Møt opp i døra. NB! Vil du sikre deg billett, kjøp barn/student.