page view image

Premiere - Teaterforestilling: Organisten - Bergen Kirkeautunnale 2026

Teaterforestilling av og med Lina Taule Fjørtoft. Mysterier og kodar frå oldemor si salmebok.

Informasjon
event image

Bli med på oppdagelsen av eit over hundre år gamalt mysterium i Arna Kyrkje!

I gjennomgangen av dødsbuet til Lillian si bestemor dukkar det opp ei mystisk hatteeske med gamle skattar, orgelnotar og dagboknotater. Det er fleire spor og koder som leier i retning kyrkja, men kvifor? Kva er samanhengen mellom Arna kyrkje og Lillians familie? Held kyrkja framleis på nokre hemmelegheiter, som kan gje Lillian svar? Og kva er det eigentleg med denne organisten som stadig dukkar opp? 

I framsyninga vert publikum invitert med inn i Lillians familiemysterium, og må saman med Lillian prøve å tolke koder og kyrkjehistorie, i søken etter å forstå eit drama som har vore hemmeleg i over 100år.

I etterkant av framsyninga vert dei ein ettersnakk om Arna kyrkjes historie. 

Passar frå 10 år


Regi: Ingrid Askvik

Manus: Lina Taule Fjørtoft og Ingrid Askvik

Skodespelar: Lina Taule Fjørtoft

Musiker: Frode

Kostyme/rekvisitt: Tora Troe


Produsert av Kyrkjekultur Vest

Arrangementet skjer i samarbeid med Arna kyrkje

Støtta av: Kyrkjebevarigsfondet og Vestland Fylkeskommune


Framsyninga visast også for lokale skuleelevar på dagtid. Den skal vidare på ein lengre turné til fleire ulike 1800-talskyrkjer på Vestlandet.


teater arnakyrkje historie orgel