Sanctuary – Ivar Orvedal / Sigbjørn Apeland / Per Jørgensen / Knut Kvifte Nesheim – Bergen kirkeautunnale 2020

Arrangementsinformasjon

IVAR ORVEDAL spoken word, perkusjon
TOMORROW NOW COMBO:
PER JØRGENSEN trompet, vokal, perkusjon
SIGBJØRN APELAND kyrkjeorgel, trøorgel, piano
KNUT KVIFTE NESHEIM trommer, vibrafon

Ivar Orvedal er frå Måren ved Sognefjorden. Han er utdanna skipselektriker, men har sidan 1980 vore sauebonde, forfattar, musikkskribent, økologisk gardbrukar, heste­oppdrettar, musikar, kulturentreprenør og improvisasjonskunstnar.

På denne konserten har han med seg nokre av dei fremste melodiøse improvisasjonsmusikarane vi har, med erfaring frå åndfull musikk i heile spekteret frå blues og spontan pasjon til samtidsmusikk.

Konserten blir både eit møte mellom himmel og jord, og mellom Orvedal sin eksistensielle poesi og nokre av dei viktigaste musikalske nyskaparane det siste decenniet – for fyrste gong saman i denne kombinasjonen.

Som poet har Ivar Orvedal ein nydeleg diksjon, som gjer at det verkeleg er den heilage teksten som sjanger ein møter på desse sidene. I eit usamanhengande, kaotisk nettverk av menneskelegheit, slik den kjem til uttrykk over alt og til alle tider.

Hadle Oftedal Andersen
i Bokmagasinet/Klassekampen,
om «Postreptilia» (bok og plate)
 av Ivar Orvedal.

ivarorvedal
perjørgensen
knutkviftenesheim
sigbjørnapeland
jazz
poesi
sanctuary
autunnalen
bedehus